Helle Nord

Nord er meir enn berre ei retning. Nord representerer styrke, mørket om vinteren og lyset om sommaren. Dei ekstreme endringane i naturen mellom årstider, tilknytninga til naturen og effekten den har på oss.

TilbudNOK1 649,00 Førpris:NOK2 199,00 Rabatt -25% inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Nord er meir enn berre ei retning. Nord representerer styrke, mørket om vinteren og lyset om sommaren. Dei ekstreme endringane i naturen mellom årstider, tilknytninga til naturen og effekten den har på oss. Det er slik vi hjå Helle ser på oss sjølve som ein del av kulturen i nord.

Nord-kniven er utvikla for å møte behova som finns i den skandinaviske villmarka. Den har utspring i knivmakar-tradisjonen hjå Helle, men med Nord har vi tatt ting eitt steg vidare. Kniven kombinerer historia vår med korleis vi har utvikla oss som ein ny friluftsgenerasjon. I dag brukar ein ofte kniv på andre måter enn våre forfedre ville ha gjort. 

Med eit 3,7 mm tjukt og skinande blankt Sandvik 14C28N-knivblad, vil denne kniven ta dei fleste utfordringar på strak arm. Den er framleis tynn nok til å skjere med, og den er sterk nok til å handtere alle dei eventyra du har tenkt deg ut på. 

Kniven blir levert med ei slire i brunt vegetabilsk lær og oppheng for belte, med snorhol oppe og nede.

Detaljar Nord
Stål Sandvik 14C28N
Bladtjukkelse 3,7 mm
Bladlengde 147 mm
Konstruksjon Fulltange
Skaftmateriale Masurbjørk
Lengde handtak 137 mm
Sliremateriale Ekte vegetabilsk lær
Artikkelnummer 200670
Design Helle
Designår 2022

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.