Helle Didi Galgalu 14C28N

Vi er stolte av å introdusere den oppgraderte versjonen av vår mest selde bushcraft-kniv. Nye Didi Galgalu kjem i 14C28N-stål og skarp rygg,

TilbudNOK1 699,00 Førpris:NOK2 099,00 Rabatt -19% inkl. mva.
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Vi er stolte av å introdusere den oppgraderte versjonen av vår mest selde bushcraft-kniv. Nye Didi Galgalu kjem i 14C28N-stål og skarp rygg, med eit nydeleg skaft i masurbjørk. Ikkje for stor, ikkje for liten – det er den perfekte kniven for alle dine ekspedisjonar i det fri. 

Den originale Didi Galgalu vart skapt i samarbeid mellom Helle og det sørafrikanske Team Voetspore. I 2015 var den ein av dei første Helle-knivane i fulltange-konstruksjon. Dei siste åra har den blitt ein svært populær modell i bushcraft-miljøet, mykje grunna kombinasjonen av funksjonalitet og eleganse.

Kniven er stor, og passar aller best for dei som har medium til store hender. Handtaket er designa for at ein skal kunne jobbe lenge med kniven trass i størrelsen. I enden av skaftet er det ein rørnite som ein kan feste tau eller reim i. 

Bladet er tynt nok til at det fungerer glimrande til det viktigaste ein kniv skal kunne - kutting og spikking. Samstundes sørger den robuste skandinaviske slipinga for at ein får nok stål bak eggen til at kniven tåler røffare behandling. 

Didi Galgalu 14C28N kjem med svart slire i ekte, høgkvalitetslær med kvit saum, designa for trygg bruk. 

*****

Detaljar Didi Galgalu 14C28N
Vekt inkl slire 254 g
Bladmateriale 14C28N rustfritt stål, polert, 59-61 HRC
Bladetjukkelse 3,0 mm
Bladlengde 132 mm
Konstruksjon Fulltangt
Skaftmateriale Masurbjørk
Skaftlengde 115 mm
Sliremateriale Ekte svart lær
Design Helle i samarbeid med Voetspore
Designår 2015 / 2023

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.